Select Page

Draktregistrering

I samband med Hardanger folkemuseum driv Norsk institutt for bunad og folkeddrakt med draktregistreringar i Hardanger. Registreringsarbeidet starta opp i 2017, og går føre seg ei veke i året. Registeringane gjerast i hovudsak på Hardanger folkemuseum på Utne, men det kan og vera aktuelt å reisa ut i både Ullensvang og andre kommunar og treffast der, særleg om det gjeld mykje materiale. Alt materiale er av interesse, smått og stort, og i god eller dårleg stand.

Hardanger har rike folkedrakttradisjoner, og mange har gamle bunadsdeler liggande heime. Nokre er kanskje enno i bruk, medan andre er klenodier ein gjøymer på kistebotn. Når draktdelar vert registrerte tek ein bilete av dei, og opplysningar om plagga vert noterte. Ofte er det spanande historiar knytt til plagga, og registrerarane kan ofte og koma med interessant informasjon om alder og typiske stiltrekk, til dømes. Bileta og opplysningane vert samla, og kan verta søkbare på nett i digitale databaser. Denne søkbarheita kan ein reservera seg mot, om ynskjeleg.

I 2019 vert det draktregistrering i veke 19, fra 6. til 10. mai.

6. 10 vil det vera høve til å koma frå 14:00 til 20:00, dei øvrige dagane frå 09:00 til 20:00.

I 2019 har me og jonsokdraktregistrering, frå 1. til 4. april. Om du har draktdelar som kunne vera interessant i denne samanhengen, ta gjerne kontakt, så set me deg på liste til ein seinare registreringsrunde.

Ta kontakt med Hardanger folkemuseum på telefon 47 47 98 84, kom innom, eller send en e-post til post@hvm.museum.no. Me gjer då ein avtale om kva dag og klokkeslett du kjem, og får eit oversyn over kva og kor mykje du tek med deg. Me har kaffi og noko å bita i i kaféen, så du kan slappa av

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål:

Monica Kjærsten Tveit, tlf: 98410883                                                                                                                                                                                                                      Torill Måkestad, tlf: 45662310

Me takkar for alle som har bidrege og vil bidra vidare til å utvida kjennskapen til og kunnskapane om vår rike og vakre drakttradisjon!

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X