1000 bringklutar

1000 bringklutar

Hardanger folkemuseum opnar skattekista og stiller ut 1000 bringklutar. Denne unike utstillinga står frå 6. mai 2018 – 1. november 2019.

Sidan 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd og nytta bringklutar som ein del av folkedrakta si. Små, vakre tøystykker som ein har båre inni opninga på vesten, eller uppluten som me gjerne seier. Her har dei nytta det finaste dei har hatt; vakre silkeband, perler, nydelege stoff,  broderi, kniplingar i sylv og gull. Påverka av moten i renessansen, saman med eldgamle symbol, gav bringkluten både skjønnheit, varme og  vern.

Kvinnene hadde mange bringklutar kvar. Nokre sydde dei sjølv, nokre arva dei, og nokre fekk dei i gåve. Mange av desse har kome til Hardanger folkemuseum. For fyrste gong synar me fram alle bringklutane våre, til glede og inspirasjon for alle som er glad i historie, tradisjonar, bunad, handverk og handarbeid. Her finnast bringklutar i korssting, med perler, med applikasjonar, i smøyg, og ei rekkje andre teknikkar. Ingen er heilt like, men du kan sjå at dei er laga over same lest. Med på utstillinga er og bringklutar frå Bu museum, Skredhaugen, Voss folkemuseum, Kvam bygdemuseum og Fonnelandsamlinga.

Til utstillinga høyrer og ein perleverkstad der du kan læra å sy med perler, og å tre perler i ulike mønstre. Der finn du og tilpasse ruteark der du kan teikne di eigen bringklut, og kanskje ta nokre skissar frå vakre detaljar du har sett i utstillinga? For borna finst og ferdige mønstra bringklutteikningar dei kan fargeleggja.

Lyst å sjå utstillinga fleire gongar? Det anbefalast! Kjøp sesongkort, og få gratis kaffi/te i kafeen samstundes.

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X