Med saksen som pensel

Norsk-danske Karen Bit Vejle er ein av verdas fremste psaligrafar, papirklipparar. I sommar har ho utstilling på Hardanger folkemuseum.

Alle har sikkert prøvd å klippa snøkrystallar ein gong. Psaligraf Karen Bit Vejle har tatt denne kunsten lengre enn nokon andre, og no har du høve å sjå dei fantastiske verka hennar i storsalen på Hardanger folkemuseum. Bit har klippa i papir heile livet, men arbeida hennar låg lenge gjemt under golvteppet heime i stova, til dei vart "oppdaga" i 2007. Bit opna si fyrste utstilling ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim i 2008, og i sidan har verka vore vist i  Skandinavia og heile vegen til USA, England og Kina.

Klippeverkstad
No kan du og prøva deg som papirkunstnar! I samband med utstillinga Med saksen som pensel er det ope klippeverkstad for små og store kvar dag i opningstida. Lat deg inspirera av Bit sine fantastiske klipp og prøv deg på eiga hand.

Slow art
I motsetning til mykje anna i verda i dag, er psaligrafi ein langsam kunst. Det tek tid å meistra, planleggja og utføra denne kunsten. Verka er laga av eit stort, samanhengjande stykke papir og klippa med berre ei lita saks. Både det visuelle uttrykket og den lange tida det tek å fullføra eit verk gjev assosiasjonar til hardangersaum. Kunsten psaligrafi har utvikla seg i heile verden, men er spesielt kjend i kinesiske og asiatiske kulturar, og også i Bits heimland Danmark: http://www.papercut.no

Flere bilder

  • Med saksen som pensel 5
  • Med saksen som pensel 4
  • Med saksen som pensel 3
  • Med saksen som pensel. Bit Vejle stillar ut på Hardanger folkemuseum i sommar
  • Med saksen som pensel 2
  • Bit Vejle