Norsk English

Fotograf Anders P. Wallevik

Den kjende fotografen Anders Paulson Wallevik etterlot seg ei unik fotosamling. Nokre av bileta hans er utstilt på Skredhaugen i sommar.

Anders Paulsson Wallevik (1874-1965) var odelsguten frå Hardanger som vart fotopioner og visuell historieforteljar av nasjonal rang. Han etterlot seg ei fotosamling på mellom tre og fire tusen glasplater, for det meste fotograferte mellom 1905 og 1940.

Museet overtok ansvaret for den unike fotosamlinga i 1992. Sidan den tid har mykje arbeid blitt lagt ned i sikring av materialet, innhenting av informasjon om bileta og digitalisering. Pr i dag ligg alle foto på Digitalt museum. Samlinga er utan tvil vår mest etterspurde. Utstillinga på Skredhaugen gjer ein smakebit frå Walleviks mangfaldige fotovirke.