Norsk English

Aase Texmon Rygh. Evighetens form

I haust synar Hardanger folkemuseum utstillinga Evighetens form, med verk av Aase Texmon Rygh

Ein pioner
Aase Texmon Rygh (f. 1925) vert ofte kalla modernismens «Grand Old Lady» i norsk skulptur. Utstillinga er sentrert rundt Texmon Ryghs hovudverk, dei såkalla møbiusskulpturane. Eit band vridd 180 grader før endane vert festa gjer ei form utan forside eller bakside, innside eller utside, start eller slutt. Texmon Rygh har skapt fem variasjonar over dette prinsippet: rund, ståande, liggjande, dobbel og trippel.

Ei sanseleg oppleving
Steinmøbiusene i steinsorten diabas nærast ber om å verta tatt på med sine mørke, kjøleg glatte overflater og intrikate vridningar. Texmon Rygh er oppteken av kroppen sin relasjon til tredimensjonal kunst. I denne utstillinga får publikum høve å røra desse unike verka.

Dei siste åra har Texmon Rygh fått ny merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Ho reknast i dag som ei av våre aller viktigaste skulptører og er eit førebilete for yngre kunstnarar som arbeider med abstraksjon.

Besøk utstillinga
Under heile visningsperioden kan grupper, lag, foreiningar og bedrifter koma å sjå utstillinga på dagtid eller kveldstid. Saman med formidlar Johild Meland får dei omvising i utstillinga og vera med på workshop/aktivitetar knytt til utstillinga. Også skuleklassar og barnehagar er invitert på besøk.

Filer

Flere bilder

  • Møbius, Aase Texmon Rygh 3
  • Møbius dobbel, Aase Texmon Rygh
  • Aase Texmon Rygh
  • Møbius liggjande, Aase Texmon Rygh
  • Møbius rund, Aase Texmon Rygh
  • Møbius trippel, Aase Texmon Rygh