Norsk English

Lær å laga kniplingar i sylv og gull

I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å laga kniplingar i sølv og gull.

Metallkniplingar var mykje nytta på gamle bringklutar, og lagar ein fin overgang mellom hovudmotivet på bringkluten og bandkanten øvst. Dei er ikkje så vanskelege å få til, særleg ikkje under kyndig rettleiing frå kurslærar Åse Bratland.

Kurset vert laurdag 5. januar og laurdag 12. januar kl 09.30 - 16.30, på Hardanger folkemuseum.

Påmelding til post@hvm.museum.no /47479884 innan 15. des        

Pris: 2000 for medlemmer i folgefonn/norges husflidslag, 2500 for ikkjemeldelmmar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og lunsj begge dagane.

Filer