Skredhaugens vener

Skredhaugens vener vart stifta i 2008 med eit ynskje om å skapa aktivitet kring museumstunet på Lofthus.

Venelaget har ansvar for geitehaldet på Skredhaugen. I tillegg til dugnadsarbeid står dei bak fleire undervisningsopplegg og faste arrangement. Kvar onsdag i sommarsesongen skipar dei til minikonsertar eller andre tilstellingar til glede for fastbuande og tilreisande. Etter stiftinga av Skredhaugens vener har besøkstalet på Skredhaugen meir enn dobla seg.

Skredhaugens vener tel 87 medlemmar, og har stadig trong for fleire. Meldemskapet er gratis. Ta gjerne kontakt med leiar i laget, Per Nornes.

Flere bilder

  • Kvar onsdag i sommarferien er det arrangement i regi av Skredhaugens vener
  • Keramikkverkstad
  • Keramikkverkstad
  • Konsert med Arild Helleland på Skredhaugen
  • Konsert med Arild Helleland på Skredhaugen
  • Sesongopning kring Jonsoktid