Nyhende

 

 

Bringklututstillinga forlengast til 01.11.19

Den storslagne utstillinga 1000 bringklutar, som opna i mai 2018 – er beslutta utvida til november 2019.

Utstillinga viser 1021 bringklutar, hovudsakleg frå Hardanger og Voss – og utgjerast av samlingane til Hardanger folkemuseum, Voss folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Bu museum og Fonnelandsamlinga. I utstillinga kan du se døme på bringklutar frå mange område, og i mange teknikkar – mellom anna smøyg, korssting og ulike perleteknikkar.

Det er ei storhending i norsk tekstilhistorie at desse vakre arbeidene har funne vegen or magasinene! Finn vegen til Hardanger folkemuseum og Utne og få med deg denne flotte utstillinga, desse skattane finn nok ikkje vegen or magasinene att i vår levetid, og i alle fall ikkje i eit slikt overveldande omfang som du kan oppleva i Storsalen på museet no!

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X