Formidlingsleiar Hardanger folkemuseum og Agatunet

Hardanger og Voss museum har ledig 100% stilling som formidlingsleiar ved Hardanger folkemuseum og Agatunet frå 1. januar 2019

Stiftinga Hardanger og Voss museum vart etablert 17. januar 2006. Museet sin visjon er å gje besøkande gode opplevingar å bryna seg på. Satsingsområdet er å ivareta den immaterielle kulturarven innan utvalde tradisjonsfag og at publikum skal læra gjennom å gjera. Museet har avdelingane Hardanger folkemuseum, Agatunet,  Hardanger fartøyvernsenter, Voss folkemuseum, Kunsthuset Kabuso, Ingebrigt Vik Museum, Granvin bygdemuseum og Kvam bygdemuseum.

Hardanger folkemuseum er regionalt folkemuseum for dei sju kommunane i Hardanger. Museet vart etablert i 1911, og held til på Utne. Hardanger folkemuseum har avdelingar på Bu og Skredhaugen, og forvaltar det nasjonale kulturminne Agatunet, eit freda klyngetun som husar den unike Lagmannsstova frå om lag år 1220. Viktige arbeidsområde er folkemusikk, tekstil, bygningsvern og mellomalder.

Hardanger og Voss museum har ledig 100% stilling som
formidlingsleiar
ved Hardanger folkemuseum og Agatunet
frå 1. januar 2019.

Formidlingsleiaren har ansvar for formidling av historie og samtid til eit variert publikum. Ei hovudoppgåve er å utvikila formidling av Agatunet, knytt til tunets mellomalderhistorie, med vekt på nysatsinga Riddarklubben. Andre arbeidsoppgåver er gjennomføring av undervisningsopplegg og arrangement, planlegging og oppføring av utstillingar, digital formidling, søknadsskriving, samt marknadsføring av arrangement og utstillingar. Formidlingsleiaren vil og ha ei rolle i arbeid med ny folkemusikkutstilling på Hardanger folkemuseum.

Formidlingsleiar rapporterer til styrar/avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum, og inngår i formidlargruppa for Hardanger og Voss museum. Det må påreknast nokre ansvarsoppgåver som går på tvers av avdelingane i det konsoliderte museet samt noko reiseverksemd. Kontorstad er Hardanger folkemuseum, Utne.

Me søkjer ein nytenkjande, strukturert og resultatorientert medarbeidar med gode fagkunnskapar. Du må beherska både munnleg og skriftleg formidling, og ha kompetanse på digitale verktøy. Me vil og leggja vekt på erfaring frå museumsfagleg arbeid, historieformidling og personlege eigenskaper. Arbeidskvardagen ved museet er variert, og det er og viktig med fleksibilitet og gode samarbeidsevner.

Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Løn etter gjeldande regelverk.

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å kontakta styrar Agnete Sivertsen, telefon 959 34 698 eller personalkonsulent Signe Skeie Brurok, telefon 976 66 108. Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no seinast 30. september 2018.