– som eit kunstverk mellom husa i klyngetunet

Diktarstien slynger seg som eit kunstverk mellom husa i museumstunet. Steintavlene inneheld dikt, strofer og sitat frå mange av våre mest omtykte diktarar.

Kvart år arrangerar Hardanger folkemuseum og Olav H. Haugesenteret Diktardagen, der ein ny stein vert lagd ned av diktaren sjølve.

Den fyrste dikttavla var lagt ned alt i 1992, men dagen vart offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85 årsdag i 1993. Diktarhovdingen frå Ulvik var sjølv med å ta initiativet til Diktarstien. Desse er representert:

  • Einar Økland (2018)
  • Øyvind Rimbreid (2017)
  • Hanne Bramness (2016)
  • Kjartan Hatløy (2015)
  • Cecilie Løveid (2014)
  • Arvid Torgeir Lie (2013)
  • Ellen Einan (2012)
  • Maria Parr (2011)
  • Pedro Carmona Alvarez (2010)
  • Ivar Aasen (2009)
  • Eldrid Lunden (2008)
  • Kolbein Falkeid (2007)
  • Ole Paus (2006)
  • Jakob Sande (2005)
  • Jon Fosse (2004)
  • Åslaug Vaa (2003)
  • Anne B. Ragde (2002)
  • Rune Belsvik (2001)
  • Frode Grytten (2000)
  • Ragnar Hovland (1999)
  • Kjartan Fløgstad (1998)
  • Georg Johannesen (1997)
  • Halldis Moren Vesaas (1996)
  • Jan Erik Vold (1995)
  • Robert Bly (1994)
  • Olav H. Hauge (1993)
  • Terje Johanssen (1992)

Alle steintavlene er utforma av biletkunstnar og tidlegare rektor ved Kunsthøgskulen i Oslo, Cecilie Broch Knudsen.

I museumsbutikken finn du og ei vakker bok om Diktarstien som vart utgjeve av Nynorsk kultursentrum i 2017, i høve den opplevingrike stien sitt 25-årsjubileum.

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X