Hardanger folkemusikksamling

Regionalt folkemusikksarkiv

Hardanger folkemusikksamling er eit regionalt arkiv for folkemusikk i Hardanger. I samlinga fins det omlag 8000 enkeltkutt med folkemusikkopptak, samt video-opptak med folkedans.

Samlinga yter mellom anna tenester som gjeld:
– kopi av lydband
– utlån av dansevideoar
– utlån/kopi av bilete tilknytt folkemusikk og folkedans
– utlån/kopi av folkemusikklitteratur
– informasjon om folkemusikk

Hardanger folkemusikksamling er eit samarbeidstiltak mellom Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Spelemannslaget Kvemmingen og Hordaland Ungdomslag. Samlinga vart skipa i 1984 etter vedtak i dei fire organisasjonane.

 

 
 
Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X