Folkemusikkarkivar

Arbeida med folkemusikkarkivet?

Hardanger og Voss museum har ledig 40% stilling som folkemusikkarkivar frå 18.03.19

Arbeidsoppgåvene er lagt til Hardanger Folkemusikksamling som er eit regionalt folkemusikkarkiv. Arkivet er eit samarbeid mellom Hardanger Spelemannslag, Kvemmingen Spel og Dansarlag, Hordaland Ungdomslag og Hardanger folkemuseum.

Arkivet har i dag om lag 7000 kutt med folkemusikk som er digitalisert. Som registreringsverkty nyttar ein programvara Fiol. Dette er eit program som er utvikla for nordiske folkemusikkarkiv. Hovudarbeidet for arkivaren vil vera å leggja digitaliserte lydfiler inn i Fiol. Andre oppgåver er å delta i undervisningsopplegg og formidling, og å vera med å drifta konsertscena ved museet. Arbeidsstad er Hardanger folkemuseum på Utne.
Me søkjer ein person med kunnskap om folkemusikk, relevant utdanning og praksis, gode datakunnskapar, gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig. Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar verte vektlagde.
Me kan tilby ein interessant jobb i eit godt arbeidsmiljø. Løn etter gjeldande regelverk. Tilsetjing 18.03.19

Informasjon om stillinga kan ein få ved å venda seg til direktør Randi Bårtvedt, tlf. 97710397

Søknad sendast til personal@hardanger.museum.no
Søknadsfrist: 25. februar 2019.

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X