Norsk English

Foredrag om Catharina Kølle og Nils Hertzberg

Hardanger folkemuseum, loftet

26.09.2018 18.30

Catharina Kølle (1788-1859) og Niels Herzberg (1759-1841) budde i kvar sin sidearm av Hardangerfjorden, i Ulvik og Ullensvang. Høyr Kristina Skåden fortelja om desse i foredraget Periferiens kunnskapshistorie.

Hertzberg var presten som la bort ungdomsdraumen om å bli landmålar. Kølle realiserte i vaksen alder utferdstrongen sin ved å gå til Sverige, Danmark, Tyskland og Italia. Begge har etterlate seg mykje kunnskap i form av kart, tekstar og teikningar. Korleis var deira liv knytte til internasjonal vitskapsutvikling? Etnolog Kristina Skåden ved Universitetet i Oslo nøstar opp relasjonar mellom Hertzberg og Kølle og samtidige kunnskapsprodusentar som Humboldt og Goethe.

Etter foredraget vert det ope for spørsmål og drøfting med Kristina Skåden. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hardanger Historielag og Hardanger Folkemuseum.