Norsk English

Smak på krotakakene

Hardanger folkemuseum, eldhuset

03.07.2018 12.00 til 07.08.2018 15.00

Kvar tysdag frå 3. juli til 7. august kl 12 - 15 fyrar me opp i omnen i eldhuset. Den gode duften av nysteikte krotakaker sprer seg i tunet, medan bakstekonene kjevlar, krotar og steiker.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Nytast turre med smør, eller bløytte med t.d. smør og prim.

Kvar tysdag i juli, og dei to fyrste tysdagane i august, er det høve å smaka dei populære kakene. Ein kan og kjøpa med seg kaker heim.