Norsk English

Nye draktregistreringar i mai

Hardanger folkemuseum

27.05.2018 12.00 til 01.06.2018 00.00

Norsk institutt for bunad og folkedrakt kjem på besøk til Hardanger folkemuseum for ei ny med draktregistreringar i Hardanger. Me ynskjer å koma i kontakt med alle som har gamle draktdelar i privat eige.

Hardanger har rike folkedrakttradisjonar, og mange har gamle bunadsdeler liggande heime. Nokre draktdeler er framleis i bruk, medan andre er klenodia ein gøymer på kistebotn. Når draktdelane vert registrert vert dei tekne bilete av, og opplysningar om plagget vert notert. Ofte kan det vera spennande historier knytt til dei ulike plagga. Bileta og opplysningane vert samla, og kan verta søkbare på nett. Slik får me utvida kunnskapen om de tradisjonelle kleda i Hardanger, noko som vil vert til god hjelp for alle som ynskjer å vidareføra bunadstradisjonane.

Det er gjort nokre få registreringar av draktdelar i privat eige, inkludert ei stor registrering av bringklutar på nittitalet. Likevel står mykje att. Det er difor svært gledeleg at Norsk institutt for bunad og folkedrakt no kjem til Hardanger.

Når
I 2018 vert det registreringar i veke 22, frå måndag 28. mai til fredag 1. juni, frå ni om morgonen til åtte om kvelden. Registreringsarbeidet starta opp i 2017, og kjem til å gå føre seg ei veke i året kvart år i fleire år framover.

Kvar
Registreringane vert i hovudsak gjort på Hardanger folkemuseum på Utne. Onsdag 30. mai vert det registreringar i Eidfjord. Viss ein har mykje materiale heime kan det vera aktuelt å koma heim å gjera registreingane der.

Kven
Alle som har draktdelar er hjarteleg velkomne til å få registrert desse.

Korleis
Ta kontakt med Hardanger folkemuseum på tlf: 47479884, eller send e-post til post@hvm.museum.no  Du vil då få ein avtale om kva dag og klokkeslett du kan koma til museet og kva du skal ta med deg.

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål:
Agnete Sivertsen     tlf: 959 34 698
Monica Tveit        tlf: 984 10 883
Torill Måkestad    tlf: 456 62 310

For registrering i Eidfjord onsdag 30. mai ring Lisbeth Bygstad Celik, tlf: 97633956