Norsk English

Konsert Kirsten Bråten Berg og Per Anders Buen Garnås

Hardanger folkemuseum, loftet

10.02.2018 19.30

Laurdag 10. februar kl 19.30 er det konsert på Hardanger folkemuseum med Krirsten Bråten Berg og Per Anders Buen Garnås.

Kirsten Bråten Berg er ein bauta i norsk folkemusikkmiljø! Med solid forankring i sin heimlege vokaltradisjon, har sørlendingen også kryssa sjangrar og nådd eit nasjonalt publikum. Ho har medverka på ei rekkje plateutgjevingar, tre av dei lønna med Spellemannprisen - blant desse soloalbumet «Min kvedarlund» frå 1993. Sylvsmeden frå Arendal har fått mange utmerkingar oppigjennom, og i 2005 vart ho utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar.

Per Anders Buen Garnås byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar - da særleg i Telemark; slike som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen. Landskappleiken har han vunne 3 gongar. Han har også fleire CD-utgjevingar bak seg, både solo og som medverkande musikar. For desse har han vunne FolkeLarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemann 3 gongar - seinast i 2016 for CD-en Greinir. I 2012 blei han tildela 2-årig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd.

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd