Norsk English

Heilag Olav vitjar Ullensvang

Skredhaugen

30.07.2017 16:00

Ullensvang ungdomslag, Hardanger folkemuseum og Skredhaugens vener syner Heilag Olav vitjar Ullensvang, eit historisk spel skrive av Halldor O. Opedal, sundag 30. juli kl 16.00 på Skredhaugen.

Spelet om Heilag Olav er det einaste spelet folkeminnesamlaren Halldor O. Opedal skreiv, og det vart framførd i Haugasundsvika kvar Olsok i åra 1969 - 79. No har lokale eldsjeler teke spelet fram att, og sundag 30. juli vert spelet nyframførd på Skredhaugen. Arild Helleland har regien.