Norsk English

Diktarstien på Utne feirar 25 år: Lyrikkpris til Øyvind Rimbereid

Hardanger folkemuseum, Utne

17.06.2017 14:30 til 17:30

Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Øyvind Rimbereid med Diktartavla 2017 laurdag 17. juni kl 14.30. Rimbereid er ein av dei meste markante lyrikarane i vår tid og går no inn i rekka av store diktarar som har blitt heidra gjennom åra. Diktarstien som blei innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85-årsdag i 1993, feirar 25 år.

Det poetiske, eller skapande, står sentralt i forfattarskapet til Rimbereid noko som gir seg uttrykk i fornying og eksperimentering av det lyriske språket. Dei forskjellige formene og uttrykka hjå Rimbereid hindrar ikkje ei markant, tydelig forfattarstemme. - At ein kan snakka om det «rimbereidske», seier mykje om den posisjonen årets vinnar av Diktartavla har som poet, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Hauge-senteret.
 

Poesikonsert

Årets prisvinnar Øyvind Rimbereid debuterte som forfattar i 1993 og har gitt ut novellesamlingar, diktsamlingar, ein roman og ei essaysamling. Hans første diktbok, Seine topografiar, kom i 2000, og til no har det blitt sju diktbøker. Det er ein av Noregs fremste samtidslyrikarar, som no kan leggje nok ein litteraturpris til si merittliste. Rimbereid er landets einaste lyrikar som har fått tildelt Kritikarprisen to gonger.

Rimbereids bok Orgelsjøen understreker at han også skriv lyrikk i klassisk, songleg forstand. Det får  publikum oppleva som ein del av diktardagen den 17. juni.  -Rimbereid skal saman med organisten Sigbjørn Apeland framføre poesikonserten «Orgelsjøen» som ein del av feiringa for Diktartavla 2017, noko vi gler oss stort til, seier styrar Agnete Sivertsen ved Hardanger folkemuseum. Sigbjørn Apeland er ein markant musikar med improvisasjon som eit sentralt element i spelet sitt anten det dreiar seg om kyrkjemusikk, folkemusikk eller meir eksperimenterande uttrykk.


Diktarstien på Hardanger folkemuseum

I museumstunet på Utne kan ein oppleve Diktarstien med diktsitat frå markante poetar som Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Kolbein Falkeid, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Jan Erik Vold. Det var tidlegare direktør ved Hardanger folkemuseum, Ågot Gammersvik, som saman med biletkunstnaren Cecilie Broch Knutsen utvikla ideen om ein nasjonal diktarsti i Hardanger. Broch Knutsen har utforma alle diktartavlene som utgjer den vakre hellegangen og som no prydar det kulturhistoriske landskapet ved Hardangerfjorden. 

Priskriterium ligg ved. Sjå også vedlagt oversyn over tidlegare prisvinnarar av Diktartavla.


For meir informasjon:
Dagleg leiar Olav H. Hauge-senteret
Geir S. Netland: tlf 900 38 286             Styrar Hardanger folkemuseum,Agnete Sivertsen, tlf 959 34 698


Foto: Kristian Jacobsen/Morgenbladet