Norsk English

Konsert Erlend Viken trio

Hardanger folkemuseum, loftet

21.04.2017 19:30

Erlend Viken Trio kjem til Utne og Hardanger folkemuseum med ei rykande fersk plate i bagasjen. Fredag 21. april kl 19.30.

Erlend Viken Trio turnerar aktivt både i Norge og utlandet, og har gjennom sine energiske konsertar skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene. Gitar og cello i samspel med fele gjev lyttaren ein rå akustisk oppleving basert på norsk og svensk trad, og inspirert av b.la. rock, ørkenblues og amerikansk old-time music. 

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd