Norsk English

Konsert Steinar Rygg, og langope i butikk og kafé

Hardanger folkemuseum

08.12.2017 00:00

Kom i førjolsstemning på Hardanger folkemuseum! Museet inviterer til konsert med Steinar Rygg, hardingfele, langope i butikken og betasup i kafeen fredag 8. desember. Du kan og sjå nykrota stove i museumstunet.

Steinar Rygg er ein framifrå spelemann frå Voss. Variasjon og nye uttrykk innan slåttespelet gjev han inspirasjon. Han er særleg glad telemarkspel, 6/8 dels melodiar, og er open for det meste av kulturkrasj og sjangrar. Forutan å vera rektor på ein barneskule, spelar han i gruppa Ludo saman med Åsmund Espeland og Frode Hammersland. 

Heile veka har det vore kroting i museumstunet. Ei av stovene i museumstunet har fått nytt krot. Dette kan ein koma å sjå på, og verta inspirert av.

Butikken har masse flotte gåver til jol. Lokale bøker og jolahefte, keramikk, glas, tekstil, leiker og mat.

Me held oppe i kafeen, og serverer betasup, mjølkekaker og skillingsbollar.

Program:

Kl 09.00 - 19.30 Museumsbutikken er ope med masse fine jolegåver.
Kl 15.00 - 19.30 Kafeen er ope.
Kl 18.00 - 19.00 Sjå Årestova krota og pynta til jol.
Kl 19.30 Konsert med Steinar Rygg, hardingfele

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Filer