Norsk English

Foredrag kroting

Hardanger folkemuseum, loftet

07.12.2017 18:30

Hardanger folkemuseum inviterer til Kroteveitle. Velkomne på foredrag om kroting torsdag 7. desember kl 18.30.

Første veka i desember er kroteveke. Museet inviterer alle interesserte til å vera med å krote ei av stovene i museumstunet. Som ein del av kroteveka vert det veitle torsdag ettermiddag, med foredrag og ope kafé.

Program:

Krot i røykstover i Hardanger ved Anne Lise Brask Eriksen

Kross som symbol ved Helena Kjepso

Dekor på eldre hardingfeler ved Agnete Sivertsen

Krot i ny form, kunstprosjekt frå Finland ved Johild Meland

Fra krittkroting til koftemønser ved Kristin Holte
Kristin Holtet har gitt ut strikkeboka Krotekofter, med eigendesigna mønster frå tradisjonell kroting. Boka er til sals i museumsbutikken.

Lyst å læra å krota? Sjå kurs i kroting

Filer