Norsk English

Praktbok om Mellom himmel og fjord. SJÅ! - kunstlandskap Hardanger.

Hardanger folkemuseum, loftet

24.11.2017 19:30

Boka Mellom himmel og fjord. SJÅ! har no gått i trykken. Boka om dette flotte kunstprosjektet ute i landskapet på Bu, Utne, Mælen og i Norheimsund i 2014 - 2016 vert lansert fredag 24. november kl 19.30 på  Hardanger folkemuseum. Samstundes vert det konsert med Synnøve Bjørset og Ole Nilssen.

Kvart kunstverk, i alt 55 stk, er presentert med to oppslag med unntak av nokre få som har fått eitt oppslag. Oddleiv Apneseth står for dei fleste av fotografia. I tillegg til alle dei flotte fotoa av kunstverka har kunsthistorikar Synnøve Marie Vik skrive ein interessant artikkel. Kjell-Erik Ruud har skrive om eit verk som ikkje vart realisert og me har med eit intervju med Gitte Sætre som tar utgangspunkt i at hennar video vart sensurert og slått av på hotellet i Norheimsund. Den entusiastiske journalisten i Hardanger Folkeblad, Mette Bleken, har skrive frie assosiasjonar og tankar til kunstverka.

Utgjevar av boka er Harding Puls i saman med SKALD forlag.
Boka er 24 x 28 cm og er på 240 sider, og er ei unik gåve som viser flotte foto av kunst ute i det kjende landskapet i Hardanger.