Norsk English

Boklansering og utstilling

Hardanger folkemuseum, loftet

29.10.2017 15:30

Sundag 29. oktober kl 15.30 lanserer Magne Velure og Ullensvang Mållag boka Kvardagsord på Hardanger folkemuseum. Det vert også kafe, musikk og utstillinga av Ingunn van Etten sine illustrasjonar til boka.

Sidan hausten 2013 har Magne Velure skrive blogg om mangt og mykje. Han kallar bloggen sin «Jakobs bok» og legg ut ny tekst kvar fredag. No kjem ein del av tekstane hans ut som bok. Ho er illustrert av Ingunn van Etten. Me har vore så heldige å få den unge og for lengst lovande hardingfelespelaren, Alexander Aga Røynstrand, til å gjera ekstra stas på stunda. Magne vil elles fortelja og lesa frå tekstane sine, og dei originale illustrasjonane vil verta stilte ut. Etter programmet vil dei som ynskjer det, kunne kjøpa boka. Det vil også vera open kafé frå kl 15.00 i samband med tilstellinga, som er open for alle.

Mange av tekstane i bloggen er barndoms- og ungdomsminne frå Hardanger - som mange vil kjenna seg att i - som «Laurdagsdans frå scenekanten» og  «Den gong frukttrea hadde sjel». Ein del av bloggtekstane handlar om språk. Men den aller største gruppa er likevel «u-kategoriserte tekstar» - med over åtti titlar.

Magne har sjølv valt ut tekstane som er med i boka. Han ynskte at Ingunn van Etten skulle illustrera. Kunsten hennar er med og gjev prosjektet eit ekstra lyft. Magne brukar ein stø, god og fjordanær nynorsk. Noko som ikkje er så vanleg lenger, sidan det er lov å bruka så mange ulike former i nynorsken. I tillegg er det mykje lokalt stoff i tekstane.

Magne Velure er oppvaksen på Lofthus og har vore styrar både ved Hardanger folkemuseum på Utne og ved Maihaugen, De Sandvigske Samlinger, på Lillehammer, før han etter nesten 20 år i Kulturdepartementet, pensjonerte seg for to år sidan.