Norsk English

Konsert Kjorstad Brothers

Hardanger folkemuseum, loftet

27.01.2017 19:30

Velkomen på konsert med Kjorstad Brothers på Hardanger folkemuseum fredag 27. januar kl 19.30

Hans og Rasmus Kjorstad frå Nordgard Kjorstad i Sør-Fron er to markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg. Til brør å vera har dei to ganske ulike musikalske bakgrunnar, men i denne duoen samarbeider dei om ein felles ide om å spele fantastisk folkemusikk.

Med utgangspunktet i folkemusikktradisjonen frå Midt-Gudbrandsdalen, med alskens skakke rytmer og skrå tonalitet, blandar dei inn elektronikk, alternative speleteknikkar og harde grooves. I oktober slapp dei debutplata si, «Pusinshi Ulla» på Ta:lik Records. 

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd