Norsk English

KULTURMINNEDAGEN 2016

Hardanger folkemuseum, Utne

18.09.2016 14:00 til 17:00

Ta med familien på Kulturminnedagen 2016. Me feirer dagen med foto, frukt & handverk.

Fotograf Kjell Herheim kjem til Knut Knudsen utstillinga "Fjorden". Herheim vil  fortelje om fotografen Knudsen, syne teknikkar han brukte og stereofoto. Her vert det også fotoverkstad for born.

I tunet opnar me ein ny kafé for born - " Det gyldne eplet". Her styrer borna sjølve butikken med sal av eplemuffins og eplesaft. Juniorspelemannslaget held minikonsertar i skulestova og husflidslaget stiller opp med aktivitetar for born. Dessutan finn me handverkarar i arbeid, det vert sal av frukt og eldhuspizza. Og i krambua vert det dropskoking. Alt dette sundag 18. september 14 - 17.

Filer