Norsk English

Sesongopning på Skredhaugen

Skredhaugen

26.06.2016 14:00

Sundag 26. juni kl 14.00 opnar Skredhaugen for sesongen. Det vert program med ny utstilling i Nilsastova, konsert med Rannveig Djønne, og Astrid Sekse fortel om helsestell på 1800-talet.

Astrid Sekse står bak utstillinga På helsa laus som opnar i Nilsastova denne dagen. Utstillinga handlar om stell av sjuke, fødande og nyfødte på 1800-talet, der nærkoner og bygdeleger spela ei viktig rolle i Hardanger.  Men også statens forlenga arm; legar, jordmødre, prestar og lærarar, hadde meiningar om korleis folk skulle halde seg sunne og friske. Astrid fortel frå oppgåva si i historie: Spenningstilhøve mellom allmuge og bygdeelite i Indre Hardanger på 1800-talet.

Rannveig Djønne vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Ein av dei viktigaste medspelarane til Rannveig dei siste 15 åra har vore kantor Inger Elisabeth Aarvik. Dei har samarbeida om mellom anna Folkemusikkmessa frå Hardanger, og Aarvik var med på Rannveig si fyrste utgjeving. Aarvik vert med som gjest på konserten på Skredhaugen, og dei to utøvarane tek eit lite djupdykk i kva dei har spelt i hop dei opp gjennom tidene med hovudvekt på Rannveig sine komposisjonar.Det vert og konsert med Rannveig Djønne. Ho vert ofte omtalt som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken. Debututgjevinga, Spelferd heim, hausta strålande anmeldingar.

Utstillinga vert opna av Agnete Sivertsen, styrar på Hardanger folkemuseum