Norsk English

Konsert Sudan Dudan

Hardanger folkemuseum

11.06.2016 16:30

Laurdag 11. juni kl 16.30 held Sudan Dudan konsert på Hardanger folkemuseum. Konserten er ein del av arrangementet Diktardagen, der museet og Olav H. Haugesenteret heidrar ein markant norsk forfattarskap som særskilt har utmerka seg innanfor lyrikk. I 2016 går prisen til Hanne Bramness.

Marit Karlberg (vokal og langeleik) og Anders Erik Røine (vokal, gitar og munnharpe) utgjer Sudan Dudan, eit samarbeid dei starta i 2003. Med utgangspunkt i slåttemusikk, har dei tøyd rammene for norsk folkemusikk. Dei platedebuterte i 2006, og i 2010 kom oppfylgjaren Kari og Ola. I 2013 kom duoens tredje kritikarroste CD, Inntil i dag, produsert av Odd Nordstoga. Sudan Dudan frå Valdres set nye standardar for bruk av song og strengeinstrument, samt arrangement som minnar om musikk langt utanfor dei nordiske tradisjonane. Ein kan høyra spor av amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues. Etter ei rekkje konsertar på norske småscener, har det gode konsertrykte vekse seg større og sterkare. Den melankolske musikken når eit stadig større publikum, og på scener som Rockefeller, Vinjerock og Øyafestivalen.

" Sudan Dudan er møtet mellom Jotunheimen og Appalachene, det er originale arrangement av norske folketonar, tydeleg inspirert av amerikansk old time musikk og vestafrikansk ørkenblues. Dei leverer eit fullendt, akustisk og vakkert univers der gamle historiar om riddarar, prestar, fattigfolk og jomfruelege kongsdøtre vert gjort tidlause og like lite geografisk fastbundne som dei eingong var." Asgaut Bakken, Havresekken booking

 "Møtet mellom Marit Karlberg og Anders Røine sine stemmer er lågmælt, gripande og sterkt. Førebu deg til eit uforgløymeleg møte med forferdeleg triste songar, tapt kjærleik og bitre tårer. Inspirert av amerikansk old time music og den norske folkemusikken, formidlar duoen tidlause, grovkorna og pasjonerte tolkingar av skillingsviser, ballader, slåttestev og bånsullar frå Valdrestradisjonen". Synnøve Bjørseth, Førde folkemusikkfestival

 "Det er noe med den rene klangen i strengene, og skjørheten i vokalen som virker dempende på det lyriske alvoret. Her er tapt kjærlighet og bitre tårer i rikt monn, men også rom for skjemt ispedd dramatikk, allikevel fremkaller "Sudan Dudan" alt annet enn dyster avmakt. For det hele er gjennomsyret av en musikalsk skjønnhet som virker beroligende på sinnet. " Svein Andersen, Aftenposten

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd