Norsk English

Konsert Rannveig Djønne

Skredhaugen, Lofthus

26.06.2016 14:00

Sundag 26. juni kl 14.00 held Rannveig Djønne konsert på Skredhaugen. Konserten er ein del av opningsprogrammet når Skredhaugen opnar for sesongen.

Rannveig Djønne vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Ein av dei viktigaste medspelarane til Rannveig dei siste 15 åra har vore kantor Inger Elisabeth Aarvik. Dei har samarbeida om mellom anna Folkemusikkmessa frå Hardanger, og Aarvik var med på Rannveig si fyrste utgjeving. Aarvik vert med som gjest på konserten på Skredhaugen, og dei to utøvarane tek eit lite djupdykk i kva dei har spelt i hop dei opp gjennom tidene med hovudvekt på Rannveig sine komposisjonar.
 

Konserten vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd