Norsk English

Sesongopning

Hardanger folkemuseum, Storsalen

01.05.2016 17:30

Sundag 1. mai kl 17.30 opnar utstillinga Fjorden på Hardanger folkemuseum. Utstillinga inngår i triologien Norske landskap. Publikum kan og gleda seg over konsert med Camilla Granlien med band.

Norske landskap - Fjorden
Knud Knudsen var ein av dei fyrste til å ta bilete av kvardagslivet i det norske fjordlandskapet. I utstillinga kjem ein tett på menneska som budde i Hardanger for 150 år sidan, og fylgjer dei i kvardag og fest. Mest ser me dei i kvardagen, i kulturlandskapet,  i arbeidet. Les meir

Konsert
Hausten 2015 slapp folkesongar Camilla Granlien plata Kjære vennen min, med balladar og viser skrevet ned i Gudbrandsdalen for ca 150 år sidan. Visene er mykje eldre en det, men i 1864 vart dei notert ned og bevart slik at ein folkesongar som Camilla kunne ta dei opp att, blåse støv av dei og laga ny musikk av dei saman med ein gjeng dyktige musikarar.

Program
Opningstale ved Per Morten Ekerhovd, fylkeskultursjef i Hordaland fylkeskommune
Knud Knudsen ved Lisbeth Dreier og Skule Eriksen
Konsert med Camilla Granlien m/ band

Ope kafé med heimabakst og forfriskningar.

Få også med dykk dei andre utstillingane i Norske Landskap:

Kysten - Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund. Opnar sundag 8. mai.

Fjellet - Voss folkemuseum, Voss. Opnar sundag 22. mai

Utstillinga og konserten er støtta av Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd