Norsk English

Konsert Rustad/Nilssen/Ranøien

Hardanger folkemuseum, loftet

22.04.2016 19:30

Tom Willy Rustad, Ole Nilssen og Leif Ingvar Ranøien spelar til dans og held konsert på Hardanger folkemuseum fredag 22. april kl 19.30!

Rustad/Nilssen/Ranøien har kvar for seg utmerka seg som nokre av landets fremste utøvarar på toradar, og har funne kvarandre gjennom ei felles interesse for slåttemusikk på durspel. Trass den korte levetida som trio, har dei allerede synt seg fram på konsert- og kappleikscenane med t.d finalespel i gruppespel på Landsfestivalen i Vågå i 2012 og andreplass i Åpen klasse på landskappleiken i Seljord i 2011. På plata "Slåttespel på toradar" presenterar dei slåttemusikk hovudsakleg frå sørlige strøk av Hedmark og frå området rundt Røros. Plata fekk FOLKELARMPRISEN i 2015.

Leif Ingvar Ranøien frå Røros, reiser verda rundt med folkemusikkgruppa Sver. Han har ein mastergrad i folkemusikk frå høgskulen i Telemark, og flere medaljeplasseringar frå Landskappleiken. Ranøien arbeidar som leiar for Hedmark musikkarkiv, og er timelærar ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Ole Nilssen frå Løten har trass sin unge alder utmerka seg som ein av Noregs fremste folkemusikarar og -dansarar. Han kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar gjennom oppveksten. Ole er mykje nytta som dansespelemann og instruktør både i dans og spel. Han har utdanning frå Folkemusikklina på Vinstra og går no på Noregs Musikkhøgskule med trekkspel som hovudinstrument.

Tom Willy Rustad, frå Sander i Sør-Odal er førsteamanuensis i folkemusikk. Han har to spellemannspriser med folkemusikkgruppa Kvarts. Rustad har vunne fleire nasjonale og internasjonale konkurransar, og har vore leiar for folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole. Han arbeidar no som leiar ved Folkemusikklinja på Vinstra.

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd