Norsk English

Boklansering: Bygdabok for Ullensvang

Hardanger folkemuseum

12.11.2016 11:30

Laurdag 12. november vert det lansering av dei to siste banda av Bygdabok for Ullensvang. Dette skjer på Hardanger folkemuseum kl 11.30.

Med dei fire banda er Olav Kolltveit sine bygdebøker ført fram til i dag. Band 3, ålmennsoga, har fått namnet Noregs frukthage. I ålmennsoga har nemda valt å fokusera på livslaup, og nærmare hundre innbyggjarar er intervjua om liva sine. Bandet set ljos på samfunnet gjennom ulike livsfasar; barndom, ungdom, vaksenliv og alderdom. Frå desse perspektiva får ein fram fleire sider av samfunnet og forskjellig vinkling på same tidsepoke. Band 4, Frå fjell til fjøre, tek for seg stadnamna i heradet.

På lanseringa vert det presentasjon av banda ved forfattarane, og høve å sikra seg signerte eksemplar til årets jolegåver.