Norsk English

Open dag 2015

Hardanger folkemuseum, Utne

13.09.2015 14:00 til 17:00

Sundag 13. september opnar me nok ein gong hus og tun med mange aktivitetar for små og store. Velkomen til open dag 2015!

PROGRAM / AKTIVITETAR UTE OG INNE kl 14 - 17 

Fokus på mellomalder

I år vert taket på Lagmannsstova i Agatunet skifta. I den samanheng arbeider bygningsvernavdelinga med rekonstruksjonar og bruk av verkty frå mellomalderen. På open dag kan interessert frå sjå nærare på desse, bruken og utforminga. I Tveismestova vert det og fokus på mellomalder med opplærng i runeskrift. Går ein ut i tunet kan born prøva seg på lafting og/eller hellelegging av minihus. Det ferdige huset er perfekt som leikestove!

Folgefonna Husflidslag stiller trufast opp med fleire aktivitetar for born og Inger Mari Råen tek med seg hestar for dei som vil prøve ein ridetur gjennom tunet.

I Sjur Svartveit si gamle krambu på kaien vert det dropskoking. Her kan ein smake og handle drops og slikkepinnar. Og alle kan gle seg til to klassiske innslag på Open dag- eldhuspizza og eplesmoltringar.

Siste dag av Ingunn van Etten utstillinga

I sommar har Ingunn van Etten stillt ut biletkunst og skulptur i storesalen. Dette har vore svært velykka; mange godord og godt sal. Sundag er aller siste høve til å sjå utstilling (og kjøpe kunst!)

I museumbygget kan ein dessutan sjå utvalde eldre filmopptak frå folkemusikksamling. I kafeèn kan besøkande kosa seg med kaffi og heimebakst.

Gratis for alle - hjarteleg velkomen !!