Norsk English

Diktardagen 2015

Hardanger folkemuseum, Utne

23.08.2015 14:30

Årets diktar er Kjartan Hatløy

Prisvinnar Kjartan Hatløy debuterte i 1996 med Solreven og har til no gjeve ut 11 diktsamlingar. Naturmotiva pregar poesien hans, men der er variasjon og spennvidd i forfattarskapen. Han vart kjent for mange gjennom diktsamlinga Kjøkkendikt, som blei nominert til Brageprisen i 2012. Sjølv om dikta til Hatløy ofte kan tolkast som eksistensielle, er dei poetiske framstillingane av hegre, aure, tid og kosmiske krefter ikkje berre bilete på noko anna. Det er snarare desse fenomena sjølve som provoserer fram ei livsundring der alvor og uskyld er like nærværande. -Den nyaste utgjevinga, Mi meinings hus (2014), kan lesast som eit meisterleg poetisk uttrykk for ei heilskapeleg forståing av tilværet, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Konsert 

I høve diktardagen byd duoen Riber - Kardakova på henførande konsertariar og songar av Mozart og Haydn. Eit av høgdepunkta på programmet vert møtet med den virtuose karakteren "Donna Anna" frå Mozarts opera "Don Giovanni".

Ekatarina Kardakova har songutdanning frå Moskva og Hannover. Kardakova har vunnet fleire internasjonale songkonkurransar, og gjort profesjonell karriere med eit sjangerbreidt repertoar m.a. ved Staatstheater-Magdeburg i Tyskland.

Inger-Kristine Riber frå Voss har kunstutdanning frå Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskule og Hochschule für Musik, Theater und Medien, Hannover. Riber blei i 2012 tildelt det prestisjetunge RWE-dea sitt profesjonaliseringsstipend og arbeider no som frilans pianist, kammermusikar og solist i Norden, Europa og USA.

- Me ønskjer velkomne til prisutdeling med diktframføring og konsert på Hardanger folkemuseum søndag 23. august, seier styrar Agnete Sivertsen. Diktartavla er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

Priskriterium 

Diktardagen er eit årleg arrangement i august der ein heidrar ein norsk forfattar ved at ei diktartavle av vedkomande blir lagd ned på Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den første dikttavla vart lagd ned i 1992, og dagen vart etablert offisielt på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv med og tok initiativet til Diktarstien.

Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren må ha utmerka seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal også fremja positiv merksemd om norsk lyrikk.

Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar. Prisen vert gjeven for heile forfattarskapen. Det skal ha gått minst ti år sidan forfattaren bokdebuterte, men debuten treng ikkje å ha vore ei diktsamling. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.

Diktarstien 1993-2014

 Diktarstien er plassert i museumstunet på Hardanger folkemuseum på Utne. Den første dikttavla vart lagt ned allereie i 1992, men stien vart offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85-års dag i 1993. Diktaren frå Ulvik var sjølv med på å ta initiativet til Diktarstien.

Kvar år vert det arrangert ein diktardag ved museet, og ei ny dikttavle vert lagt ned i stien. Bilethoggaren Cecilie Broch Knudsen er ansvarleg for utforming av tavlene.