Norsk English

Konsert Marta Lindvik og Knut Hamre

Hardanger folkemuseum, Utne

05.06.2015 19:30

Fredag ønskjer me på ny velkomen til hardingfelekonsert quiz og pubkveld.

Marta Lindvik (19) frå Hallanger i Ulvik har spelt hardingfele sidan ho var sju år. Den talentfulle unge spelaren går i dag på musikklina ved Voss gymnas. Ho har vore med på Masterclass Hardanger dei to siste åra og delteke på fleire kappleikar. Trass ung alder har Lindvik allereie fått Audhilds minnepris, Drømmestipendet og kulturstipend frå Sparebankstiftinga Hardanger.  Knut Hamre har vore læremeisteren hennar dei siste 8 åra.

Meisterspelemann Knut Hamre treng nærast ikkje yttarlegare introduksjon. Gjennom ei årrekkje; av dei fremste spelemenn i landet, mange gonger kappleikvinnar og læremeister for fleire av dei fremste talenta innan hardingfelespel. Mellom anna Marta Lindvik. Fredag 5. juni spelar meister og elev for fyrste gong saman til konsert på folkemusikkscena på Utne.

Gjest: den irske felespelaren Susan Hughes. 

 

Etter konserten vert det quiz og pubkveld. Velkomen!