Norsk English

Sesongopning sundag 3. mai

Hardanger folkemuseum, Utne

03.05.2015 14:30

Ny utstilling: Ingunn van Etten og konsert med Ingvild Lilletvedt Nordstoga. Sundag 3. mai kl 14.30 på Hardanger folkemuseum.

Sommarutstilling med Ingunn van Etten

Når Hardanger folkemuseum no inviterer til ei utstilling med måleri og skulptur av Ingunn van Etten, er det berre ein del av verksemda til den allsidige kunstnaren som kjem til syne.

Måleri, illustrasjonar og skulptur har vore hennar uttrykksform sidan debuten i 1976. Ho har og mellom anna skrive og illustrert to barnebøker basert på lokale segner. På utstillinga er det måleri og nokre skulpturar som vert viste.

Nokre få av verka på utstillinga er frå tidleg i karriera, nokre fleire frå tida undervegs, dei aller fleste er frå dei siste åra. Få er synt her tidlegare og det meste er til sals. Alt inspirert av liv og landskap. Ordførar i Ullensvang Solfrid Borge står for opning av utstillinga.

 

Konsert med INGVILD LILLETVEDT NORDSTOGA

Songar, låtskrivar og tekstforfattar frå Stamnes I Vaksdal kommune.

Kom med sin debutalbum " Den minste cafeen" i 2014.På Ingvild Lilletvedt Nordstogas debutalbum finn me musikk med element frå pop, viser, jazz og bossa-nova.

Det musikalske uttrykket er reint og enkelt. Tekst og musikk er forteljande og biletskapande, og kan gjerne utfordre pop-musikkens formspråk og låtlengde. Lydbiletet er akustisk og ope og tek vare på det umiddelbare og nære i song og formidling. Musikken trekkjer vekslar på nordisk visetradisjon - og er samstundes vakker og iøyrefallande popmusikk. Tekstene er kvardagsbetraktingar - det store i det små.

Ingvild har det siste året turnert med fleire av landets beste musikarar. I vinter har ho bla hatt konsertar på Aasen-tunet i Ørsta, på Voss, Kulturscena Café Stift i Lillehammer, Vinje kyrkje og i Moland kyrkje i Fyresdal.

 

Sagt om plata:

"Og ho står heller ikkje i skuggen av sine meir meritterte slektningar, ho minner meir om Joni Mitchell enn dei. Ingvild står støtt på eigne bein. Ein fullt ut godkjend debut " Firdaposten

" Visepop, ispedd silkemyk jazz". Oppland arbeiderblad