Norsk English

Hardangersaumkurs

Hardanger folkemuseum

17.04.2015 00:00 til 19.04.2015 00:00

Hardanger folkemuseum arrangerer nytt helgekurs i hardangersaum 2. - 4. oktober 2015. Kurset inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.

Museet har Noregs største samling hardangersaum som inkluderar saum frå 1700-talet. Med den nye hardangersaumutstillinga og flotte lokale på loftet ligg alt til rette for å invitera til kurs.
 
Kursa går frå fredag til sundag. I den tida skal deltakarane verkeleg få ei solid dose hardangersaum med kursøkter, omvising i bunad- og hardangersaumutstillinga og foredrag om hardangersaum. Fredag og laurdag kveld vert det trerettars festmiddag på Utne hotel.
 
- Kursa passar for alle som likar å sy hardangersaum, anten dei har sydd før eller er heilt ferske, forsikrar museumsstyraren som gler seg til å ta imot hardangersaumarar frå fjern og nær.

Vårkurset går 17. - 19. april med påmelding innan 27. mars.

Haustkurset går 2. - 4. oktober med påmelding innan 20. september.

Påmelding på post@hvm.museum.no eller tlf: 47 47 98 84

Fleire datoar vert annonsert etter kvart, og kan også avtalast direkte med museet!

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Filer