Norsk English

Master Class konsert og dans

Hardanger folkemuseum, loftet

24.01.2015 19:00

Hardanger folkemuseum startar konsertsesongen med Master Class konsert og dans med medlemmar frå Hardanger spelemannslag og Polka med Støyt! Alt dette laurdag 24. januar kl 19.00!

I heile haust har dei ti handplukka Master Class elevane hatt speletimar med Knut Hamre, og fordjupa seg i slåttespel og speleteknikk. No tek meistaren elevane med seg til scena! På konserten får me høyra dei i solo og samspel. Forutan Knut Hamre spelar Lars Erik Øygarden, Herman Gautefald, Magnus Øydvin, Johanna Mjeldheim, Marte Linga, Eirik Mjelde og Marta Lindvik!

Etter konserten fortset kvelden med dansespel med komp, open pub og kafé. Dansespelet syter mellom anna medlemmar frå Hardanger spelemannslag og Polka med Støyt for. Gruppa er kjend for sitt rikhaldige repertoar av gode danseslåttar og hardangersk valsaspel. Spelemannsslaget er og i storform etter dei gode resultata på Landskappleiken i sommar.

Ta med danseskoa og kom!

Pub og dans

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskingar, og etter konserten vert det dans.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd