Norsk English

Pris til Cecilie Løveid konsert med Ivana Gavric

Museumstunet og Storsalen

24.08.2014 14:30

Diktartavla 2014 går til Cecilie Løveid! Med dette vert diktarstien i tunet utvida med steintavle nr. 23 søndag 24. august.  Etter nedlegging av tavle vert det konsert i storsalen med den britiske pianisten Ivana Gavric og felespelarane Knut Hamre og Frank Rolland.

Prisvinnaren

Med sitt særprega og sjangeroverskridande språk har Cecile Løveid vore ein viktig og nyskapande diktar sidan tidleg 70-tal. Lyrikkdebuten kom medMørkets muligheteri 1976 og ho har sidan gitt ut sju diktsamlingar. Løveid skriv ofte ein blanding av prosa og lyriske tekstar. Ho har hatt stor suksess som dramatikar, men vender stadig tilbake til lyrikken som oftast med eit klart kvinneperspektiv. I dei siste diktsamlingane har Løveid også vist eit sterkt samfunnsengasjement. - Dikta hennar utmerkar seg ved at dei angår oss, og er tett på det verkelege livet i sin språklege briljans, seier Geir S. Netland dagleg leiar ved Hauge-senteret . Cecilie Løveid er ein sentral lyrikar i norsk litteratur og har vunne ei rekkje prisar for forfattarskapen sin. Med Diktartavla 2014 vinn ho sin første reine lyrikkpris.

Konserten
Den britiske pianisten Ivana Gavric skapte sensasjon med debutplata hennar In the Mists då ho vart utnemnd til BBC Music Magazine Newcomer of the Year 2011. Også hennar andre innspeling From the Street begeistra eit internasjonalt kritikarkorps og publikum. Gavrics tredje album med Griegs pianomusikk blei valgt som Editors Choice i musikkmagasinet Gramophone. Gavric kjem frå ein musikalsk familie i Sarajevo og har opptrådt på dei fleste store konsertscenar i England, her kan nemnast Wigmore Hall, Royal Albert Hall og Royal Festival Hall. I samband med hennar tredje utgjeving, Grieg Piano Works, var Gavric fleire gonger i Noreg for å fordjupa seg i Griegs musikk, folkemusikken og fjordlandskapet som inspirerte han. Ho samarbeida tett med folkemusikararne Knut Hamre og Frank Rolland som og tek del på konserten. Publikum kan gle seg til å høyra ei særs dyktig pianist som me er svært glad for vil halda konsert hjå oss.

Me ønskjer velkomne til prisutdeling med diktframføring og konsert på Hardanger folkemuseum søndag 24. august frå kl. 14.30

Alle steintavlene er utforma av Cecilie Broch Knudsen.

For meir informasjon:

Dagleg leiar for Olav H. Hauge-senteret Geir S. Netland, tlf 900 38 286

Styrar Hardanger folkemuseum Agnete Sivertsen, tlf 959 34 698

Arrangementet er eit samarbeid mellom Olav H. Haugesenteret og Hardanger folkemuseum.

Logo Olav H. Haugesenteret 

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd