Norsk English

Utstillingsopning Idé å kle

Kafeen på Hardanger folkemuseum

15.06.2014 14:30

Sundag 15. juni kl 14.30 opnar utstillinga Idé å kle - handvevde klesplagg på Hardanger folkemuseum. Kristi Skintveit feirar 50 år som utøvande vevar og kunsthandverkar. Jubileet tek til med utstillinga som syner eigenproduserte klede frå 60- og 70-talet.

Berre 22 år gamal etablerte Skintveit seg med vevstova KristiAneVev i Gamlebyen i Fredrikstad. Utstillinga inneheld kledemodellar og målsaum frå 1965 - 1979 og klede i primærsnitt frå 1980-tallet. Moteteiknaren hennar på denne tida var for det meste Badi Batchelor, som no har adresse Son. Kleda vart produsert av KristiAneVev i Gamlebyen, Fredrikstad. Skintveit stod for stoff og vidare framstilling ved å leiga Badi Batchelor som moteteiknar og Else Carla Andersen, Else Carla Snitt, som modellør og syerske. Else var spesialutdanna i København og eit unikum til å modellera handvevde stoff. 

Nokre av kleda er for sal!

Program:
Opningstale ved Elisabeth Wallevik Engelstad
Kristi Skintveit fortel
Folgefonn husflidslag demonstrerer brikkevev og andre teknikkar. Høve å prøva.
Kafé med heimabakst.

Meir om utstillinga her.

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Filer