Norsk English

Sigrid Moldestad

Storsalen

04.05.2014 16:30

Sigrid Moldestad med band held konsert på Hardanger folkemuseum sundag 4. mai kl 16.30. Billettar i sal no!

Moldestad har nett gjeve ut si fjerde soloplate, Brevet til kjærleiken. Plata er ei hyllest til diktaren Jan Magnus Bruheim som ville vore 100 år i år. Tekstane krinsar kring kjærleiksomgrepet i sin vidaste forstand, og om det å vere menneske og medmenneske. Plata har hausta strålande kritikkar! På konserten får publikum møte både dei nye songane og historiene blanda med sterke songar og låtar frå tidlegare plater.

Med seg har ho bandet sitt, som for utan Moldestad sjølv på fele og vokal består av Kato Ådland - gitar, Sigbjørn Apeland - orgel, tangentar, Morten Skage - bass og Kåre Opheim - trommer.

Konserten vert i storsalen på museet i samband med opning av utstillinga Krossen - symbol og dekor i folkekunsten.

Arrangementet er støtta av Norsk kulturråd og Hardanger 2014.

logo Hardanger 200

Logo, Norsk kulturråd