Norsk English

Opning kunstløype

Sjurabua på Hardanger folkemuseum

24.05.2014 16:30

Laurdag 24. mai kl 16.30 opnar ein ny kunstløype på Hardanger folkemuseum. Møt opp ved Sjuarbua, vert med på ei vandring i tunet og sjå verk av sju kunstnarar.

I to heile veker har kunstnarane Essi Korva, Mona Nordås, Aud Bækkelund, Johild Mæland, Svein Nå, Judith de Haan og Ann Kristin Aas arbeidd ute i museumstunet, som ein del av prosjektet Sjå - Mellom Himmel og Fjord. Dette er eit 3-årig prosjekt med kunst i landskapet i regi av kunstnarorganisasjonen Harding Puls. Til saman er 4 områder valt ut, og opninga på Utne er fyrste del av prosjektet.

Program:

Velkomen og opning ved Agnete Sivertsen
Solfrid Aksnes fortel om prosjektet
Felespel ved Frank Rolland
Vandring langs løypa. Presentasjon av verka ved kunstnarane.
Ope kafé til kl 18.00

Føl med på www.kunstlandskap.no