Norsk English

GRUNNA SJUKDOM VERT KONSERTEN I KVELD 25. APRIL AVLYST

Kafeen på loftet

25.04.2014 19:30

GRUNNA SJUKDOM VERT KONSERTEN I KVELD 25. APRIL DESVERRE AVLYST

Med rykande fersk plateutgjeving på ECM kjem Åsne Valland Nordli og Benedicte Maurseth til Hardanger folkemuseum fredag 25. april kl 19.30.

Museet har i lang tid ynskja å få til ein konsert med Åsne og Benedicte. Dei vitja Hardanger musikkfest i fjor, og den stemningsfulle konserten i Lagmannsstova gjorde inntrykk på publikum. Den overjordiske stemma til Åsne passar so godt til Benedicte sitt felespel.

Åsne fortel: Som folkemusikarar ynskjer me å strekka grenser og samstundes lena oss mot det gamle. Fordjuping i folkemusikktradisjonen vår er noko som me stadig dyrkar. Samstundes lar me oss inspirera av andre uttrykk som  samtidsmusikk, jazz, fri improvisasjonmusikk. Dette tek me med oss inn i vår hovuduttryksform, folkemusikken. På konserten får publikum høyra tradisjonell slåttemusikk og kveding og religiøse folketonar. Halvparten av musikken er nyskrive av oss sjølve.For oss som utøvarar er det viktig å få formidla at me er utøvarar som lener oss på tradisjonen samstundes som me er opne for nye impulsar og uttrykk-slik folkemusikarar alltid har gjordt det opp gjennom historia.

Både Åsne og Benedicte er vel kjende for publikum i Hardanger, så ein presentasjon er kanskje ikkje naudsynt. Me tek det likevel:

Benedicte Maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er i dag busett i Bergen som frilansmusikar. Ho byrja å spela hardingfele då ho var sju år gamal hjå meisteren Knut Hamre, og tradisjonsmusikken frå Hardanger er spesialfeltet hennar som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinaste åra har ho også arbeidd som songar, og sjølv om det er den solistiske musikken som står hjarta hennar nærast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar, særleg innanfor tidlegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar.

Åsne Valland Nordli (f. 1975) kjem frå Norheimsund i Hardanger og har sunge folketonar frå barnsbein av. Ho har hatt ei rekkje konsertar ved ulike festivalar mellom anna Nattjazz i Bergen, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Vossa Jazz, Telemarkfestivalen, Maijazz, Festspillene i Bergen og Bath internationale musikk festival etc.  I 1998 skreiv eit av landets fremste komponistar, Magnar Åm, verket "Vandrande Himmel" spesielt for hennar unike stemme og Ter Jungs sekstett.

Saman har dei gjeve ut plata Over Tones på det tyske plateselskapet ECM Records.

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart og etterpå vert det pub og quiz. Alle konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd