Norsk English

Gardsnamn i Hardanger

Loftet, Hardanger folkemuseum

09.03.2014 13:30 til 17:00

Velkomen til føredrag «Gardsnamn i Hardanger» ved Botolv Helleland og til årsmøte i Hardanger Historielag.

kl 14.30 - Årsmøte i Hardanger Historielag

kl 15.00 - Gardsnamn i Hardanger v/Botolv Helleland. Ope for alle!

Open kafe kaffi og heimebakst !

Gardsnamn i Hardanger er ein krevjande tittel. I føredraget vert det fokus på nokre hovudtypar. Hardanger har i stor mon ein gamal busetnad, og stadnamna spenner over minst to tusen år. Det som gjer namnestudiet så spennande, er at kvart namn er eit kikhol mot fortida, stundom langt, langt ned, som Utne og Aga, andre ikkje fullt så langt ned, som Gjertveit. Typisk for ein stor del av gardsnamna er at dei fortel om naturtilhøva på staden, som Odda, Kvanndal, Botnen.

Ei anna gruppe fortel direkte om busetnad, som namna på -ve(n) 'engslette', som Børve og Flotve, vidare namna på -heim, t.d. Freim og Norheim. Andre er dei på -land, som Hovland og Rosseland, namn på -hus som Lofthus, Øvsthus, namn på  -stad som Hakastad, og namn på -tveit som Gjertveit.

Desse ulike gardsnamntypane kan setjast saman i eit system som avteiknar seg i alle bygdene. Dei eldste namna høyrer til dei dei beste gardane. Når ein går inn i dette rike materialet, vil ein òg verta slått av den store språklege variasjonen og nyansane i nemningsbruken.

Vel møtt til ei vandring gjennom eit utsnitt av det eldste språklege landskapet i Hardanger!