Norsk English

Hardangersaumkurs

Hardanger folkemuseum

03.10.2014 09:30

Hardanger folkemuseum inviterar til helgekurs i hardangersaum 3. - 5. oktober 2014. Kurset inkluderer både omvising, foredrag, kulturprogram og overnatting på ærverdige Utne hotel.

Museet har ei stor og spennande samling hardangersaum, og med den nye hardangersaumutstillinga og flotte lokale på loftet ligg alt til rette for å invitera til kurs.
 
Kursa går frå fredag til sundag. I den tida skal deltakarane verkeleg få ei solid dose hardangersaum med kursøkter, omvising i bunad- og hardangersaumutstillinga og foredrag om hardangersaum. Fredagskvelden vert det torettars middag på Utne hotel etterfylgt av sidersmaking og hardingfelespel i årestova i museumstunet. Laurdag kveld vert det trerettars festmiddag på Utne hotel.
 
- Kursa passar for alle som likar å sy hardangersaum, anten dei kjem frå Hardanger, andre stader i Noreg eller andre stader i verda, forsikrar museumsstyraren som gler seg til å ta imot hardangersaumarar frå fjern og nær.

Haustkurset går 3. - 5. oktober. Fleire datoar vert annonsert etter kvart, og kan også avtalast direkte med museet!

Påmelding innan 20. september på post@hvm.museum.no eller tlf: 47 47 98 84

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Filer