Norsk English

Meister med ni elevar

Trudvang, Granvin

25.01.2014 19:00

Meisteren Knut Hamre tek disiplane med seg til scena. Solo, samspel og spelegleda får du med deg på Trudvang i Granvin laurdag 25. januar.

Dei fyrste elevane ved Master Class Hardanger held konsert saman med læremeister Knut Hamre i Trudvang, Granvin laurdag 25.01.2014 klokka 19. Konserten markerer slutten på denne omgang med Master Class Hardanger - som etter resultatet å døma har vore ein suksess. Elevane har hatt einskildtimar og samlingar som i sum har gjort dei ti unge utøvarane til enno betre spelemenn. Ni av desse, samt læremeister Knut Hamre, kan du få eit musikalsk møte med i Trudvang denne kvelden. Etter konserten vert det pubkveld med buskspel på Jaunsen Gjestgjevarstad på Eide i Granvin.

Filer