Norsk English

Erlend Apneseth

Hardanger folkemuseum

31.01.2014 19:30

Riktig godt nytt år! Me opnar sesongen med solokonsert på hardingfele med Erlend Apneseth. Tid: fredag 31. januar kl 19.30.

Erlend Apneseth er ein prisvinnande ung hardingfelespelar frå Jølster i Sogn og Fjordane, og av dei beste folkemusikarane i landet i dag. Han er elitespelemann frå 2012, og gav samme året ut plata "Jølster 2012 saman med Sigmund Eikås, Synnøve Bjørset og Gro Marie Svidal. Plata vart nominert til Folkelarmprisen for beste soloplate. Han debuterte i A-klassen i 2013 med å spele seg til rett finalen, vann Fure-prisen, og har såleis på kort tid spelt seg inn i toppsjiktet av norske spelemenn.

Dei siste åra har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk, improvisasjon og samtidsmusikk, med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Dette har m.a resultert i fleire samarbeid med dansegruppa Carte Blanche, samt fleire større improvisasjonskonstellasjonar og folk/jazz-baserte grupper. Han har også vore solist med Bergen Filharmoniske orkester, og er "månadens artist" på Riksscenen hausten 2013. Etter å ha motteke prestisjetunge Grappas Debutantpris, skal debutplata "Blikkspor" sleppast i oktober 2013.

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart og etterpå vert det pub og quiz. Alle konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd