Norsk English

Trond 300

Hardanger folkemuseum

28.09.2013 18:30

Jubileumskonserten Trond 300 er ei hyllest til felemakarane frå Botnen og dei fantastiske instrumenta dei laga. På konserten spelar fiolinist Ragnhild Hemsing, felespelarane Knut Hamre og Frank Rolland på av fleire instrument etter Trond, og Audun Galtung let oss høyra dei mange historiene om felemakarane. Dette skjer laurdag 28. september kl 18.30 på Hardanger folkemuseum.

I år er det 300 år sidan felemakar Trond Isaksen Flatabø vart fødd. Trond (1713 - 1772) var son av Isak Nilsen Skaar (1669 - 1759). Båe laga dei instrument i verdsklasse. Det er bevart 26 hardingfeler og ein fiolin etter Trond.  Dei fleste er frå perioden 1750 - 1765, medan den eldste er datert 1725. Kjelder hevdar han laga nærare tusen instrument. Til liks med felene til faren hadde dei eit framifrå omdøme, og dei vart utbreidde over store delar av Sørnoreg. Trond tente gode pengar på felebygginga, og då han døydde hadde han ein av dei høgaste formuane på Vestlandet. Isak og Trond laga både klassiske fioliner og hardingfeler.

Ragnhild Hemsing er oppvaksen i nærkontakt med norske musikktradisjonar. Ho formidlar moderne og unike klassiske konsertar som gjev og assosiasjonar til folkemusikk. Hemsing er fødd i 1988 i Valdres. Ho har spelt fiolin frå ho var fem år, og har vore elev ved det prestisjetunge Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo. Der fekk ho undervisning av Stephan Barratt Due, Alf Richard Kraggerud og Henning Kraggerud. Berre 13 år gamal debuterte ho ved Bergen Filharmonisk Orkester og Trondheim Symfoniorkester, og har seinare spelt med alle dei store norske orkestra, ei rekkje internasjonale orkester, og vunnet ei rekkje prisar. På konserten spelar ho den eldste norskbygde fioleinen som er bevart, ei Trondafiolin frå 1764.

På konserten vil dei dyktige musikarane Knut Hamre og Frank Henrik Rolland spele på over 250 år gamle feler laga av felemakarane frå Botnen. Instrumenta er eigde av Hardanger folkemuseum og Ole Bull Akademiet, og er til vanleg utstilte i monter. Konserten vert eit sjeldan høve til å høyra dei gamle felene i bruk.

Audun Galtung er sjølv fiolinist og har lenge interessert seg for felemakeriet i Botnen, ei historie full av spennande forteljingar. Galtung held konsertføredrag om felemakarane under Hardingtonar 2013, og me gler oss til å høyra han att.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Etter konserten inviterar me til pubkveld.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

 

Filer