Norsk English

Diktardagen 2013 med pris til Arvid Torgeir Lie

Hardanger folkemuseum, tunet og kafeen

18.08.2013 14:30

Diktartavla 2013 går til Arvid Torgeir Lie. Diktarstien i tunet til Hardanger folkemuseum vert utvida med steintavle til Lie sundag 18. august, på diktaren sin 75-årsdag.

Arvid Torgeir Lie har sidan debuten i 1967 og heilt fram til den siste diktsamlinga i 2006 vist ei framståande evne til å fornye det lyriske språket. Kvardagens erfaringar, natur og arbeidsliv blir skildra overraskande og frigjerande. Lie har gjennom elleve diktsamlingar, ei dikt i utval-bok og ei novellesamling klart å skapa ei eiga og særprega kunstnarleg uttrykksform som er både direkte og overrumplande.
Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret er stolte av og spesielt glade for å tildele prisen Diktartavla 2013 til Arvid Torgeir Lie på hans 75-års dag den 18. august.

Arvid Torgeir Lie kjende personleg ein annan norsk diktar som hadde fødselsdag 18. august, nemleg Olav H. Hauge. I 1988, då Lie fylte 50 og Hauge fylte 80, vart dette feira under same tak i Lie sin heim i Seljord. Til stades var mellom andre Einar Økland.  Han kjem til Hardanger folkemuseum for å fortelja om sin kjennskap til Lie og forfattarskapen hans, og om båe to sitt forhold til Olav H. Hauge og fødselsdagsfeiringa i Seljord på dagen 25 år sidan. På denne måten vil me markera fødselsdagen til både Lie og Hauge i samband med prisutdelinga.  

Musikalsk innslag vert ved folkemusikar Linda Gytri. Gytri frå Oldedalen i Nordfjord har mastergrad i folkemusikk, inkludert eit utvekslingsår på Sibeliusakademiet i Finland. Det å lage eigne låtar har fulgt henne heile vegen sidan unge trekkspelår, og musikken hennar er inspirert av folk og sterk natur. I den tradisjonelle folkemusikken er det springleiken som står hennar hjarte nærast - i frisk samklang med vestlandsspringarar, rufsete balkanmusikk og finske folketonar. Polka med sjel. Gytri spelte seg til tittelen Norgesmeister i ung alder, og har sidan markert seg som utøvar både i inn- og utland. Ho har konsertert mellom anna i USA, Malawi, Mosambik, Shetland - og her heime på Columbi Egg, Riksscenen, Kråkenes Fyr og i ei steinalderhole i Oldedalen.

Me ønskjer velkomne til prisutdeling og dobbel fødselsdagsmarkering på Hardanger folkemuseum søndag 18. august frå kl. 14.30


For meir informasjon:
Dagleg leiar for Hauge-senteret Geir S. Netland, tlf 900 38 286
Styrar Hardanger folkemuseum Agnete Sivertsen, tlf 959 34 698

Arrangementet er eit samarbeid mellom Olav H. Haugesenteret og Hardanger folkemuseum.

Logo Olav H. Haugesenteret 

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd