Norsk English

NE3folk

Hardanger folkemuseum

19.07.2013 19:30

Fredag 19. juli kl 19.30 inviterer Hardanger folkemuseum på shetlandsk folkemusikk med trioen NE3folk.

Intrikate rytmar og dissonansar flettar seg saman i subtile og detaljerte arrangement i NE3folks breidde utval av tradisjonelle og originale låter. Med kombinasjonen av shetlandsk fele, trekkspel og gitar tek dei den tradisjonelle musikken inn i den moderne tid. Trioen har base i  Newcastle, og består av Catherine Geldard, felespelar, Chris Meredith, gitarist og Victoria Laurenson, trekkspel.

Pub og quiz 

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd