Norsk English

Sesongopning med utstillinga Transformations og konsert med Valkyrien Allstars

Hardanger folkemuseum, Utne

05.05.2013 16:30

Hardanger folkemuseum markerer det norske stemmerettsjubileet med ei storslått sesongopning søndag 5. mai. Leiar i komiteen Kirsti Kolle Grøndahl, kjem for å opne utstillinga Transformations av norsk/egyptiske Britt Boutros Ghali. Så vert det konsert med Valkyrien Allstars.

Det er ei stor glede å kunne presentere kunst av Britt Boutros Ghali i samband med Stemmerettsjubileet. Sterke portrett av kvinner frå arabiske og vestleg strok kombinert med abstrakte frargerike motiv utgjer utstillinga Transformations. Tanken bak utstillinga er fokus på endring - i Norge i 1913 då kvinner fekk stemmerett. Og videre den endringa mange håpa på ville kome i kjølevatnet av den arabiske våren i Egypt. Utfallet er framleis høgst uvisst ikkje minst med tanke på rettar for kvinner.

I ein slik samanheng er det gledeleg at Kirsti Kolle Grøndahl - leiar for den Norske Stemmerettskomiteen - kjem for å opne utstillinga. Kolle Grøndahl var den første kvinnelege stortingspresidenten i Noreg.

Valkyrien Allstars med Tuva Livsdatter Syvertsen på leiande vokal, Ola Hilmen og Erik Sollid på hardingfele har utvikla sitt eige lydbilete som er både nyskapande og internasjonalt. Vi trur energien og styrken i musikken vi stå svært godt til bodskapen.